12.18.2009

Are Kalvø - Nød






















Are Kalvø er vel kanskje ikkje først og fremst kjend for å skrive bøker. Sjølv om det har blitt ein del bøler opp gjennom er nok den vittige vestlendingen heller kjend for å ja, vere vittig. Han eir ein glimrande imitator, noko vi har fått høyre i radioprogrammet ”Hallo i uken”.

Men du verden, mannen har jo også skrive bøker. Blant anna boka ”Nød”, som eg har lese. Den handlar i korte trekk om eit par gutar som ville gå i Bob Geldofs sko, og spele musikk for Afrika. 20 år seinare vinn hovudpersonen i lotto, og difor bestemmer seg for å få med seg barndomskameraten på å starte organisasjonen Lottomillionærar for Afrika. Etter ei stund får dei stabla ein gjeng på beina, som drar til Etiopia.

Kalvø er ei morosam mann, det er det liten tvil om. Han skriv morosamt, i den grad at han har eit morosamt språk. Utover det er vel kanskje ikkje boka så morosam som man kan forvente av ein kar som Kalvø. Når det er sagt så er det ikkje det at boka ikkje er morosam, for all del, den går nok i kategorien humor, men eg kunne med fordel ha ledd langt meir. Handlinga kunne nok også ha vore betre. Men Kalvø skal ha for at han klarer å få ein Afrikatur til å iallfall bli litt morosam. Det fine med denne boka, og sikkert fleire av Kalvøs utgivingar, er at den er ganske lettlest og sånn sett glatt kan lesast av mindre lesedyktige folk. Med andre ord er dette ei fin bok å bruke i skulesamanheng, for å tvinge elevane til å lese nynorsk.

Kort sagt er dette ei ganske grei bok som tar for seg viktige tema på ein humoristisk måte. Som sagt kunne nok både handling og bruk av humor ha vore betre, men alt i alt kan eg vel våge meg på ein forsiktig anbefaling.